Olav Strømme-galleriet

– Eg håper ørstingane veit kor stor Olav Strømme er, og er stolte over det kunstlaget har fått til

– Eg håper og trur at eit eige Olav Strømme- galleri i Ørsta vil vere ein publikumssuksess som vil auke forståinga for dimensjonen i arbeidet hans.

Alt klart til opning: Leiar i Volda og Ørsta Kunstlag, Anne Ellingsen gler seg over at Olav Strømme-galleriet på Kunsthuset i Ørsta er ferdig. Torsdag 13. juni opnar dørene.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Ikkje berre er han ein svært viktig norsk kunstnar, men han er ein av dei aller mest framståande frå vår landsdel

Nyheiter

Kunstnar og kunstkjennar Ørnulf Opdahl er full av lovord om kunstnaren Olav Strømme. Han har vore sentral i utforminga av det nye Olav Strømme-galleriet på Kunsthuset i Ørsta, og er mangeårig styremedlem i stiftinga som har jobba for å promotere Olav Strømme sin kunst. No er arbeidet fullført.