Ørsta Mållag med pionerprosjekt for meir nynorsk i næringslivet

– Vi har erfart at det nynorske språket i Ivar Aasen si heimbygd er på hell. Særleg ved at nye verksemder kjem til kvart år, der medvitet om identiteten språket gjev, ikkje alltid er til stades.

Fekk pengegåve: Line Wiik Bjerknes (t.h.) frå Sparebanken Møre hadde med seg 15.000 kroner til Ørsta Mållag for å støtte prosjektet som skal gi meir nynorsk i næringslivet. – I banken har vi to språk, men for meg har det alltid vore naturleg å bruke nynorsk før bokmål, fortel ho. Her saman med Per Atle Røe og Ingebjørg Røyrhus Øyehaug frå mållaget.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Vi fann urovekkande bruk av bokmål og engelsk på arenaer der vårt eige språk burde vere sjølvsagt

Nyheiter

Per Atle Røe og Ingebjørg Røyrhus Øyehaug frå Ørsta Mållag fortel engasjert om eit prosjekt mållaget har halde på med dei siste tre åra: Nynorsk i næringslivet.