Volda

Slik skal dei få slutt på "villparkeringa"

Leiinga ved Høgskulen vil innføre betaling for parkering frå i haust. Sjukehuset og Volda sentrum kjem truleg etter.

Trongt: Det er kamp om parkeringsplassane ved Høgskulen i Volda.   Foto: Svein Aam

Nyheiter

«Høgskulen i Volda har i fleire år vore plaga av «villparkering» i den forstand at bilar vert plasserte i vegkantar, på gangveg og plenar. Dette hindrar trygg ferdsel særleg med syklar, barnevogner og rullestolar. Det skaper vanskar for snøbrøyting om vinteren, og i verste fall hindrar det rask tilkomst av utrykkingskøyretøy», står det i ei tilråding til styret, som skal fatte endeleg avgjerd torsdag.