Nye avdelingsleiarar i Volda

Fellesnemnda for nye Volda kommune har tilsett avdelingsleiarar i oppvekstsektoren.

  Foto: Volda kommune

Nyheiter

Bodil Brautaset er tilsett som avdelingsleiar barnehage, medan Lene Nupen er tilsett som avdelingsleiar skule, går det fram på Volda kommune si heimeside.

Bodil Brautaset er utdanna barnehagelærar med vidareutdanning i mellom anna bedriftsøkonomi, pedagogisk utviklingsarbeid, rettleiing og offentleg styring.

Brautaset har arbeidd som pedagogisk leiar og styrar i barnehage i 15 år, før ho vart fagkonsulent innan barnehageområdet i 2010. Eitt år var ho konstituert barnehagesjef.

Lene Nupen er utdanna allmennlærar med vidareutdanning i rettleiing og leiing av digital skuleutvikling. Nupen har også teke rektorutdanning.

Nupen har arbeidd som lærar i grunnskulen i 16 år, før ho tok til i administrativ stilling som fagkonsulent (skule). Sidan 2016 har Nupen vore assisterande oppvekstsjef i Volda kommune.

Begge er tilsett som avdelingsleiarar frå 01.01.2020, men vil tiltre funksjonane i prosjektstilling i perioden 01.08.2019 – 31.12.2019.