Låner ut utstyr til bruk i alle årstider

Låner ut utstyr til bruk i alle årstider

– Denne utlånssentralen skal ha fokus på gratis utlån av ulike typar friluftsutstyr og vinterutstyr. Det er berre å ta kontakt med oss.

Utlånssentral: Småjobbsentralen driftar no den kommunale utlånssentralen. Dei er klare til å ta imot førespurnader og låne ut friluftsutstyr. F.v. Anneth-Olinn Lianes, Ina Winge, Knut Arne Nygård og Christoffer Räisänen.  Foto: Joachim Åsebø

Alt er no klart og det er berre å kome og låne

Christoffer Räisänen
Nyheiter

Det seier Christoffer Räisänen i Småjobbsentralen i Ørsta. Dei har laga ein kommunal utlånssentral som skal kome innbyggarane til gode.

– Dette er eit tilbod for alle born og vaksne i alle aldrar. Fokuset er å motivere og inkludere alle til å ta del i ulike aktivitetar som naturen og samfunnet rundt oss kan tilby. Vi er omgitt av mykje flott natur og vi ynskjer å gi vårt bidrag slik at alle skal kunne få bruke den.

– Det er også eit tilbod til skulane, og no som skuleåret går mot slutten brukar mange klasser å fare på ulike turar. Då kan vi stille med utstyr om det skulle vere behov, seier Räisänen.

Sidan januar har Småjobbsentralen arbeidd med å få lage til lokale for utlånssentralen.

– Deltakarane har fått bryne seg på mykje forskjellige oppgåver, deriblant planlegging og teikning av korleis lokalet skulle sjå ut, og så utføre planverket i praksis. Deltakarane i Småjobbsentralen har gjort eit glimrande arbeid med å sette opp sentralen og det har vore kjekt for alle å sjå korleis lokalet har endra seg gjennom denne prosessen.

Småjobbsentralen har og hatt gode hjelparar for utlånssentralen opp og gå.

– Bygger’n har sponsa oss med alt av materiale av treverk. Det har vi brukt til å lage hyller og stativ for lagring av alle ski, skisko og mykje meir utstyr. Vartdal Skyttarlag slengde seg med å sponsa oss med ein 10 meter lang rull av kunstgras som vi har brukt som underlag til skistativ.

Ørsta kommune har tidlegare hatt ein utlånssentral som Frivilligsentralen har styrt. Småjobbsentralen har tatt over drifta og tilbodet er også utvida. Blant utstyret er syklar både for ungar og vaksne, i tillegg til sykkelhjelmar. Bålpanne med tilhøyrande utstyr til grilling, lavvo, fiskeutstyr, truger, langrennsski, sko og stavar kan no lånast.

– Dei som ønsker å låne utstyr kan ta kontakt med oss i arbeidstida. Vi tenker at utlånstida er maksimalt ei veke slik at utstyret kan rullere.

Räisänen poengterer og at Småjobbsentralen har hatt godt utbytte av tilskipingsprosessen av utlånssentralen.

– Læringsutbytte vi har hatt etter å laga denne sentralen er stort. Vi har ei store breidde på erfaring i deltakargruppa og vi ser at alle har fått utvikla sine ferdigheiter eller tileigna seg nye.