– Stor fare for tragiske ulukker

Arne Gunnar Melle åtvarar mot å bruke Melsvegen som tilknytingsveg til industriområdet på Melsgjerdet.

Innspel: Å ha vegtilkomst til industriområdet på Melsgjerdet er svært uheldig, meiner Arne Gunnar Melle.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

I eit innspel til framlegget til reguleringsplan har Melle klare signal til kommunen:

– Melsvegen kan ikkje tilførast meir trafikk, slett ikkje tungtrafikk. Vegen er smal og krokete utan gang- og sykkelveg. Asfalten ligg nærast på mold, utan bereevne. Vegen vert nytta av mange skuleelevar utan skulebuss. Det er 50 km/t-sone frå Melsgjerdet til Voldavegen på Ose. Store deler av trafikantane ligg over fartsgrensa. Difor er det stor fare for tragiske ulukker. Politiet har små ressursar til trafikkontroll, skriv Melle.

Å ha tilknytingsveg frå Melsvegen meiner han i beste fall er ein feil.