Vil ha innspel til nye ruter

Jostein Kvistad rullar inn  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

No kan folk kome med innspel til ruteendringar for bussane, hurtigbåtane og ferjene.

Arbeidet med den årlege ruteendringsprosessen for kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vil starte i august, men det er no folk kan komme med innspel til endringar og sende det til kommunane dei bur i.

Kommunane vil samle innspela, og sende det til Møre og Romsdal fylkeskommune som arbeider med tilbodet.