Tilsett som ny teknisk sjef

Ivar-Otto Kristiansen er tilsett som ny teknisk sjef.  Foto: Ørsta kommune

Nyheiter

Ørsta kommune har tilsett Ivar-Otto Kristiansen som ny seksjonsleiar ved tekniske tenester frå 1. august. Det skriv dei på sine heimesider. Det vert opplyst at han vil halde fram i stillinga som prosjektleiar ved seksjon eigedom til han tek til som teknisk sjef.

- Ivar-Otto Kristiansen har ein master i økonomi og administrasjon MBA (tech mag), bygd på bachelor økonomi og administrasjon med spesialisering i logistikk. Han har vore tilsett som prosjektleiar i Ørsta kommune to siste åra. Før dette har han arbeidd som prosjektleiar i mellom anna Rolls Royce, Tingstad og Vik Ørsta. Kristiansen har noko leiarerfaring frå Aluscan og Langset AS. Han har erfaring frå omstillingsprosessar både i Langset AS og i Vik Ørsta.

- Tilsetjingsutvalet har arbeidd grundig med tilsetjingsprosessen, og er einstemmige i at Kristiansen er den best kvalifiserte til stillinga, skriv kommunen.