Treng 1,9 millionar for å brannsikre skulen

Brannsikring: Barneskulen på Vartdal og SFO-bygget skal brannsikrast.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

For å ferdigstille brannsikringa av Vartdal barneskule og SFO-bygget må det løyvast ekstra midlar.

I 2016 vart det løyvd 820.000 kroner som mellom anna skulle nyttast til branndokumentasjon på barneskulen på Vartdal. Det vart brukt 218.000 kroner på brannteknisk rapport og lukking av nokre av dei branntekniske avvika. Dermed står det att eit restbeløp på 602.000 kroner, men det er ikkje nok midlar for å gjennomføre alle tiltaka.

– Nokre av avvika i brannteknisk rapport er allereie lukka. Det som i hovudsak står att er branntetting av gjennomføringar i brannskiller og brannalarmanlegg inklusiv lede- og markeringslys for barneskulen og SFO-bygget, heiter det i sakspapira til formannskapet.

Ventilasjonsanlegget på barneskulen må og bytast. Totalt vil kostnaden kom på 2,4 millionar kroner. Det bedt om ei ekstra løyving til arbeidet på 1,9 millionar kroner.

Saka skal handsamast av formannskapet tysdag i neste veke, og endeleg vedtak vert gjort i kommunestyret.