Stiller spørsmål om fargevalet

Ørsta rådhus  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Råd for likestilling av funksjonshemma (RFF) stiller spørsmål ved fargebruken på inngangspartiet til Ørsta rådhus.

– Fargepaletten bør vere i tråd med vedteken profilhandbok for Ørsta kommune, og med kontrastfargar som stettar krava til universell utforming, uttalar dei.

Vidare ønskjer dei svar frå ansvarleg for skilting på rådhuset, om det er planlagt skilt som viser kvar hovudinngangen er.