Satsar på solcelleteknologi i marint miljø

Bjørn Helset driv selskapet Angri Invest Holding AS.  Foto: Marius Myklebust

Nyheiter

Agri Invest Holding AS ved Bjørn Helset har søkt om midlar frå næringsfondet i Ørsta. Selskapet har base i Ørsta. Prosjektet gjeld vidareutvikling av solcelleteknologi og bruk innan eit nytt område i marint miljø. Prosjektet har etablert internasjonalt samarbeid, og har ein lokal samarbeidspartnar. I tilrådinga som er lagt fram for formannskapet vert det løyvd 50.000 kroner til prosjektet.