God pinse med grilla breiflabb i marinade!

PINSE: God pinse med grilla breiflabb i marinade. Foto: Synøve Dreyer, Norges Sjømatråd 

Nyheiter

Denne helga er det pinse og vi har snudd kalenderen frå mai til juni, ja no ligg sommaren endeleg for døra. Grillsesongen er i gong, og dei fleste av oss vil helst nyte grillmat på godversdagar. Lat oss håpe og drøyme om at vi får mange godversdagar i sommaren som ligg framfor oss, slik at vi kan nyte den med både heimekos, fest og ferie.