Ørsta-møblar kjempar om gjeve bransjeprisar

Møbelsystemet Kove.  Foto: Fora Form

Nyheiter

Tysdag skal dei fremste møbel- og interiørbedriftene i landet kjempe om prisane Årets eksportbedrift, Årets merkevarebygger, Årets produkt og Klassikerprisen. Dette skjer undre Bransjedagen i Næringslivets Hus i Oslo. Blant dei nominerte er Fora Form. Ørsta-bedrifta er nominert i to kategoriar. Møbelsystemet «Kove» er nominert til prisen Årets produkt. Systemet er utvikla i samarbeid med designduoen Morten og Jonas.

- Systemet er fleksibelt og godt tilpassa kundebehov. Produktet utmerker seg ved kvalitetar som gjev eit lett og lite kompakt uttrykk, sjølv om det definerer områder og skiller dei på ein effektiv måte, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

City-stolen er ein norsk designklassikar. Stolen vart teikna av Øivind Iversen og produsert av Møre Lenestolfabrikk. I 2007 relanserte Fora Form stolen og den er nominert til Klassikerprisen.

City-stolen kjempar i Klassikerprisen.  Foto: Fora Form

- Møbelet er ein viktig klassikar og ein typisk representant for kategori og periode. Produsenten leverer møbelet i klassisk versjon og i videreutvikla versjonar, med stor suksess.

Det er Designindustrien som står bak prisane som skal delast ut tysdag.