Opnar nostalgisk samleri i Digerneshuset

– Endeleg kan vi dele gleda og forteljingane vi har samla dei siste 30 åra.

Digerneshuset: Original innreiing i det 90 år gamle Digerneshuset i Kyrkjegata. – Her er mykje historie i veggene, og vi har gjort det vi kan for å vere tru mot fargar og interiør. Vi kunne ikkje ha bede om ein betre stad å halde til. Her er enormt med skuffer og skap frå stordomstida då her var garn- og sybutikk, fortel Jostein O. Mo og Hilde Flotve Mo.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Digerneshuset i Kyrkjegata har fått nytt innhald. Sysaker, stoff, knappar, bunadsstoff og garn frå Signy Digernes, og seinare Rigmor Digernes Furseth si tid, er bytta ut med hyllemeter på hyllemeter med nostalgi frå samlinga til ekteparet Jostein O. Mo og Hilde Flotve Mo.