Over sju millionar kroner til Ørsta

85 millionar kroner skal fordelast i spelemidlar til idrettsanlegg i fylket. Over sju millionar kroner hamnar i Ørsta kommune.

Spelemidlar: Ørstahallen får sju millionar kroner i spelemidlar for 2019. Hallen vart opna i slutten av januar og har søkt om 21,3 millionar kroner i spelemidlar.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Møre og Romsdal fylkeskommune fordeler 85 millionar kroner i spelemidlar til idrettsanlegg i 2019. Det er over fire millionar kroner meir enn i fjor, og den største spelemidelpott nokon gong i Møre og Romsdal. Av idrettsanlegga som er innstilt til å få løyving no er Ørstahallen det einasaste i Ørsta kommune. Innstillinga er ei tildeling på sju millionar kroner.

Blant nærmiljøanlegga ligg prosjektet til Ørsta sykkelklubb med pumptrack-bana på Ripateigane an til å få midlar. Innstillinga er 300.000 kroner.

I Volda ligg utandørs klatre/buldrevegg i Stadionparken an til å få 300.000 kroner. Rehabilitering av tennishallen ligg inne med 95.000 kroner. Kunstgras på Volda stadion har ei løyving på 960.000 kroner. Lager- og garasjebygg ved Volda skisenter har ei innstilling på ein million kroner. Turvegen ved Presteholmen i Volda ligg inne med 1.350 millionar kroner.

Kultur- og folkehelseutvalet i fylket skal handsame saka onsdag 12. juni.