Furene best i Noreg

Furene AS er nummer ein i Noreg på formidling i Noreg.

  Foto: Sverre Øvrelid Steen

Nyheiter

Etter å ha levert rekordtal på formidling i 2018 med 193 personar over til ordinært lønna arbeid, held den gode trenden med toppresultat fram inn i 2019, heiter det i ei pressemelding frå Furene AS.

Arbeid og inkluderingsbedriftene samlar inn tal frå alle sine medlemsbedrifter i heile landet og presenterer statistikk 4 gangar i året.

For første kvartal 2019, er Furene AS best i Norge.

– Vi er nr.1 på formidling frå tiltaket Oppfølging med 9 av 10 over i arbeid og nr. 6 på tiltaket Arbeidsførebuande trening med 6 av 10, seier direktør Eldor Skeide i Furene AS.

Oppfølging er eit tiltak der Furene saman med arbeidssøkjar skal vere ein pådrivar og medspelar for å finne nytt arbeid.

Arbeidsførebuande trening er eit tiltak for som står litt lenger vekk frå arbeidslivet der arbeidstrening og opplæring er viktige element i arbeidsførebuinga.

– Det er med stoltheit vi mottek meldinga om slike resultat. Dette er ei stadfesting av det gode arbeidet våre jobbkonsulentar legg ned saman med inkluderingsvillige arbeidsgjevarar for dei som treng vår kompetanse og bistand for å kome i arbeid, seier administrerande direktør Eldor Skeide.

Tett samarbeid med næringslivet er avgjerande

– Ein vesentleg grunn til det gode resultatet er eit systematisk og tett samarbeid med næringslivet. Deira engasjement og velvilje er heilt avgjerande for å oppnå desse gode resultata. Bedriftene opplever oss som ein profesjonell samarbeidspartnar, som er på ballen heile tida med tett, god og løysingsorientert oppfølging. Dette gjer det enklare for bedriftene å seie ja både til avklaringar, arbeidsutprøving og fast arbeid. Gjennom NHO sitt samarbeidsprosjekt «Ringer i Vannet» har vi etablert faste avtalar med bedrifter som tek kontakt med oss når dei har behov for arbeidskraft, seier Skeide.

– Med utgangspunkt i deira ynskjer og krav til personen dei søker, kan vi med stor treffsikkerheit presentere aktuell kandidat til jobben. Kunnskapen vi har om personane som er i tiltak i Furene, gir oss eit unikt utgangspunkt for å finne gode jobbmatcher, seier Olav Stokke som er marknadskoordinator i Furene.

Individuell oppfølging og jobbmatching som metode

– Kvar enkelt som lukkast i å få seg arbeid, gir oss ein grunn til å feire. Det er mange ulike grunnar til at det kan vere vanskeleg å skaffe arbeid på eiga hand, og det er mange grunnar til hol i CV en. Men med profesjonell oppfølging på vegen, ser vi at reisa ofte blir både tydlegare og kortare. Sjølv om fleire har vore lenge ute av arbeid før dei kjem til oss, losar vi dei gjennom ei individuell oppfølging som inneheld interessekartlegging, karriererettleiing og utprøving i arbeid for å finne det som passer for dei. Vi har kunnskap om kva jobbar arbeidslivet har behov for både lokalt, regionalt og nasjonalt. På denne måten matchar vi arbeidslivets behov og rettleier arbeidssøkjarane i retning av tilgjengelege jobbar som høver kvar enkelt, seier Kirsti Gaudestad, avdelingsleiar for jobbkonsulentane.