Beate S. Lech i Stjernekamp

Beate Slettevoll Lech (44) frå Volda er ein av ti deltakarar i NRKs Stjernekamp.

Beate S. Lech - BeadyBelle.  Foto: Pressefoto - beadybelle.com

Nyheiter

Ti nye håpefulle artistar har sagt ja til å synge om kapp til hausten.

Blant dei er Beate S. Lech frå Volda, melder NRK.

Programleiar er Kåre Magnus Bergh, og faste dommarar er Mona B. Riise og Thomas Felberg, som undervegs i programmet får selskap av ei rekke fagdommarar utover hausten etterkvart som sjangrane skiftar.

– Forventningane er skyhøge, for vi har blitt blåst av bana år etter år. Nokre er kjente, og nokre er ukjente, men det har vist seg til slutt at det ikkje har noko å seie, seier Riise til NRK om årets deltakarar.

I tillegg til Beate S. Lech, er desse med:

Adrian Jørgensen (27), Åge Sten Nilsen (49), Andrea Santiago (17), Kim Rysstad (37), Anette Amelia Hoff Larsen (36), Sondrey (Sondre Nystrøm) (24), Kari Gjærum (66), Bilal Saab (19) og Hanne Sørvaag (39).

Beate Lech

Om Beate S. Lech, skriv NRK: Lech kjent under artistnamnet Beady Belle, har ein karriere som strekkjer seg tilbake til 90-talet då ho var vokalist i gruppa Folk & Røvere. Ho har sidan tusenårsskiftet gitt ut åtte album og har turnert i 167 byar i 28 land. Hennar siste album «Dedication» frå 2018 blei godt mottatt av kritikarane, og Dagbladet supplerte terningkast 5-meldinga med å gi henne merkelappen «Norges svar på Beyonce».

44-åringen frå Volda har mest erfaring innan sjangrane soul, jazz og R&B, men har også gitt ut eit salmealbum og eit julealbum. Ho er utdanna ved Norges Musikkhøgskole.

– Eg gler meg til å stå på scena, det er noko eg elskar.  Noko eg føler eg er fødd til, om det er mogleg, seier Lech til NRK.