Volda best i elsikkerheit

Klasse 9D ved Volda ungdomsskule fekk ei stor overrasking tysdag. Klassa har vunne Mørenett si konkurranse i elsikkerheit, og jubla då dei fekk tildelt gåvesjekken på 15 000 kroner.

Vann: 9D ved Volda ungdomsskule fekk tildelt ein gåvesjekk på 15.000 kroner tysdag. Pressefoto  Foto: Tussa

Nyheiter

Mørenett gjennomfører kvart år opplæring i elsikkerheit blant alle niandeklassene i området sitt, det vil seie 12 kommunar på Sunnmøre.

– Målet med besøka er å auke kunnskapen om elsikkerheit for slik å unngå ulykker og brannar relatert til elektrisk straum. For å stimulere til vidare læring inviterer vi klassene til ein quiz. Då sit klassa i fellesskap og svarar på spørsmål. I år var 16 klasser med på quizen, seier Hans Magne Muren, DLE-ansvarleg i Mørenett.

Etter at konkurransen var avslutta låg fire klasser likt på førsteplass. Vinnaren måtte difor kårast etter trekking. Og ifølgje klasse 9D kjem gåvesjekken på 15 000 kroner svært godt med.

– Pengane går til heile klassa, mest truleg til klassetur i 10. klasse, seier Silje Roza Nordbotten Halkjelsvik, som saman med André Årseth tok i mot gåvesjekken.

Ladar ikkje om natta

At bodskapen om elsikkerheit har nådd fram til elevane i 9D ved Volda ungdomsskule var det ikkje tvil om. Å lade telefonen om natta på rommet sitt er det ingen av dei som gjer lenger.

– Meir enn 40 prosent av alle bustadbrannar skuldast elektrisk feil eller feil bruk av elektrisk utstyr. Mange av desse kunne vore unngått med enkle grep. Bevisstgjering i ung alder er ein viktig del av det førebyggande arbeidet, seier Muren.

Nokre trygge tips:

For at du skal kunne vere trygg i heimen din, er det viktig at elektrisk utstyr blir brukt riktig.

1. Sjekk ofte om stikkontakt og støpsel er brent

2. Unngå komfyrbrann. Monter komfyrvakt

3. Lad mobilen og nettbrett berre når du er vaken

4. Ikkje bruk skøyteleidning til varmeomnar og kvitevarer

5. Vaske og tørketromle klede når du er heime og vaken

6. Ikkje tørk klede på elektriske omnar. Hald møblar og gardiner vekk

7. Bruk alltid registrerte installatørar til elektrisk arbeid