"Sjå til Ørsta"

– I Volda må vi seie «Look to Ørsta» når det gjeld venterom på bussterminalen.

Solsikke: Ordførar Stein Aam fekk solsikke med denne gjengen. F.v. Stein Aam, Ingrid Opedal, Jan Erik Stokkeland, Marit Aklestad, Betina Olson (og Johanna), Tsehai Birhan (og Kanutte), og Aslaug Marit Øyehaug.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Onsdag feira SV sine lokallag i Volda og Ørsta FN sin internasjonale miljødag. Dette gjorde dei ved å rose Ørsta kommune for å ha stått på både politisk og økonomisk for å få på plass eit nytt og moderne venterom med toalett på bussterminalen

Ingrid Opedal i Volda SV sa at dette er noko dei ønsker seg også på si side av kommunegrensa.

– I Volda har vi etterlyst venterom og toalett på bussterminalen. Der er det berre eit overbygg og ein benk, noko som ikkje er triveleg vinterstid. Eg kallar det ei skam at vi ikkje har eit betre tilbod på ein så sentral terminal, sa Opedal.

Fekk solsikke

Ørsta-ordførar Stein Aam har arbeidd for å få gjennomslag for venterommet, eit bygg som i dei opphavlege planane frå Statens vegvesen ikkje var aktuelt å realisere.

For dette, fekk Aam ei solsikke frå SV-politikarane.

Vidare fortalde Opedal om det dei ser på som ei mogleg løysing for å betre busstilbodet i distrikta: Drosjer som går til låg, flat takst når kundane tingar dei på utvalde strekningar.

– Både Volda og Ørsta er grisgrendte kommunar. Då er det ikkje alltid fornuftig å køyre lange, svære bussar rundt om i kommunen, når kanskje eit par-tre passasjerar sit på. Difor er vi glade for at Fram har starta det som heiter Fram Fleks, som er tingingsdrosjer. På nokre strekningar kan folk gå inn på nettet eller ringe eit nummer, så kan dei tinge ei drosje for femti kroner. I dag finst dette tilbodet berre mellom Sæbø og Ørsta, fortalde Opedal.

104 tinga «bussdrosje»

Vidare kunne ho fortelje at det i fjor vart tinga 104 slike turar for 114 passasjerar.

Ordninga er eit spleiselag mellom fylket og kommunen.

– Ser de på dette som framtida for bussruter i distrikta?

– Eg trur absolutt at dette er framtida for ein kommune som Ørsta. Nøkkelen er å få ut informasjon til innbyggjarane om at tenesta finst. Så burde det ikkje vere noko problem å hekte på t.d. Follestaddalen eller Mosmarka, sa kommunestyrepresentant Marit Aklestad.

SV-arane seier dei har snakka med drosjenæringa lokalt, som ser på ordninga som ein vinn-vinn-situasjon.