Køyrde 51 km/t over fartsgrensa

Ein mann på ferie i Noreg vart stoppa etter å ha køyrt 131 km/t i ei 80-sone på Austefjordvegen i helga. Måndag vart han dømd i tingretten.

Bøtelagt: Ein utanlandsk mann er dømd for å køyre i 131 km/t i ei 80-sone.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Søndag ettermiddag vart den sikta mannen stoppa av politiet. Dei hadde registrert ei fart på 131 km/t i ei 80-sone. Grunna at mannen ikkje bur i Noreg vart saka raskt tatt opp i Søre Sunnmøre tingrett. Måndag møtte den sikta opp og sa seg skuldig.