- Vi skal oppfylle folk sine draumar

– Vi har greidd å oppfylle folk sine draumar om å vere lenger heime, seier Kristin Vik, seksjonsleiar for helse og velferdstenester i Ørsta kommune.

Kvardagsrehabilitering: Nye metodar og nye tenkjemåtar gjer at eldre i Ørsta no bur lenger og betre i heimane sine enn tidlegare. Heidi-Line Hagen, Karen Øie og Monica Gustafsen i tenesta for kvardagsrehabilitering er glad for innsatsen heimesjukepleia i Ørsta gjer.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

I år er det fem år sidan Ørsta kommune, som ei av dei fyrste i landet, satsa på kvardagsrehabilitering. Det var starten på eit tverrfagleg prosjekt, der målet var å endre tenkjemåten i eldreomsorga.