Ny og større matfestival

Matfestivalen i Hjørundfjord i månadsskiftet august/september vert større enn i fjor. No handlar det også om kultur og natur.

Klare for Matfestival med meir: Per Atle Røe, Magne Larsen, Odd Magne Vinjevoll og Synnøve Rekkedal Hill  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

– Det er andre året på rad at Hjørundfjord matfestival ilag med frivillige og Ørsta næringskontor skipar til denne Matfestival i Hjørundfjorden , opplyser leiar i prosjektnemnda Synnøve Rekkedal Hill.


Nytt av året er at kultur og natur har vorte lagt til. Mat, kultur og natur høyrer i hop, synes vi i nmenda.

Dessutan er heile festivalen utvida til å vare vel ei veke. Det vert tilbod for folk i alle aldrar og i ulik fysisk form frå laurdag 31.august til sundag 8. september.


Målsettinga for Hjørundfjord mat, kultur, natur er nettopp å syne mangfaldet og at det stadig kjem nye og seriøse aktørar innan reiseliv og opplevingsturar der mat er ein viktig del.

Hjørundfjord mat, kultur, natur skal gå frå laurdag 31.august til sundag 8.september. På denne veka skal lokalbefolkninga, tilreisande frå nært og fjernt kunne sjå og oppleve noko av det Hjørundfjorden har å by på, heiter det i ei pressemelding.

– I vår tid med meir og meir fokus på kortreist, også innan opplevingar, er det viktig å syne at ein kan ha gode opplevingar innan kort avstand, seier Rekkedal Hill.

Og ho tilføyer: – Dessutan er det også viktig å trekke fram lokale produsentar og leverandørar av produkt innan mat, opplevingar og natur.

– Sidan sist sommar har Hovdenakk Hjort opna slakteri, dette skal markerast, i Bjørdalen produserer Odd Bjarne Bjørdal kjøtt av beste kvalitet. Michael Solhjem med sine ”elvagrisar” kjem også og vi arbeider med å få produsentar av lokale grønnsaker med, heiter det i pressemeldinga.

Gjennom denne veka Hjørundfjord mat, kultur ,natur på går, vil ein kunne oppleve Skår med guida tur til Skårasetra og avslutting med middag i løda på Skårabakkane.

– Ein kan ha ganespa der stjernekokkar er innleigde på Haukly på Bjørke, kulturvandring med mat på Bakketunet på Bjørke, båttur frå Bjørke via Leknes og Sæbø til Strandabøen med lunsj-stopp på Christian Gaard på Trandal.

– Ein kan ta tur med stolheisa til Eitrefjellet og servering av Fjellpizza av lokale råvarer på Kafé Utsikten.

MS «Slogen» vil ha kombinert strandhogg og båttur med matservering.

Hotel Sagafjord samarbeider med Kammermusikkfestivalen, slik at ein kan ete middag med lokale råvarer på hotellet og gå på konsert i Hjørundfjord kyrkja etterpå, nett som i utlandet. Dampskipsekspedisjonen legg opp til ein uformell kveld med fokus på gode historier, mat og øl.

Stjernekokkar

Laurdag den 7.september vert det ”Marknad for kortreist mat”, dessutan får ein då besøk av stjernekokkar som vil demonstrere tilreiing av mat, Ørsta Vgs si kokkelinje skal ha stand med matrettar og smaksprøver av lokale råvarer. På Leira vert det konsert i Jensaløda i samarbeid med Kammermusikkfestivalen. Ein vil oppleve korleis øl vert brygga, Ørsta Bryggjarlaug vil syte for det. I tillegg vert det to andre faglege tema, og ein debatt mellom ordførarkandidatane i Ørsta om ”Levande bygder”.


For borna vert det også opplegg. Møre frie vikingar set opp leir på Kapteinskvia helga 7. Og 8. September. Det vil passe born i alder fem til hundre år. Borna skal også få høve til å ri på hestar og det vert andre aktivitetar for born.


– I tillegg kan det verte kulturvandringar med mat på dagtid, om det er ynskje for det.

Hjørundfjorden ligg sentralt for heile Søre Sunnmøre og Indre Sunnmøre i tillegg til Ålesund, seier Rekkedal Hill i pressemeldinga.