Vart tatt på fersk gjerning av politiet

Køyrde i 88 km/t gjennom Ørsta sentrum

Ein gut i slutten av tenåra vart filma av politiet då han køyrde forbi tre bilar og hadde ei toppfart på 88 km/t i Ørsta sentrum. Tysdag vart han dømd i Søre Sunnmøre tingrett.

38 km/t for fort: I Webjørn Svendsen-gata vart den no dømde bilføraren stoppa. Politiet registrerte ei fart på 88 km/t, i tillegg til forbikøyringar av tre bilar i Webjørn Svendsen-gata.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

– Vi har sett videoen som politiet har tatt frå hendinga, og det gjekk fort i ein periode, sa sorenskrivar Elisabeth Wiik då saka vart handsama i Søre Sunnmøre tingrett.