Stor interesse for hittegodsauksjon

– Kan vi få eit bod på 100 kr?

Ein elsykkel til 1.000 kroner, rosa sparkesykkel for under ein hundrelapp og slalåmski for barn til 50 kroner. Det var nokre av sala då Ørsta og Volda lensmannskontor heldt hittegodsauksjon onsdag.

Auksjonarius: Lensmann Guttorm Hagen var auksjonarius under hittegodsauksjonen.  Foto: Joachim Åsebø

Ein fin måte å drive gjenbruk på

Guttorm Hagen
Nyheiter

– Dette er gjenstandar som vi har hatt i lengre enn tre månader, og no skal vi selje dei. Den mest interessante gjenstanden vi har her i dag er ein elsykkel. Det har vi aldri hatt på auksjon før, sa lensmann Guttorm Hagen rett etter at dørene vart opna til hittegodsauksjonen onsdag ettermiddag.