Vart saksøkt av underentreprenør:

Volda maskin vart frifunnen i retten

Volda Maskin AS var saksøkt av ein underentreprenør som var engasjert til ein jobb på E39 i Sunnfjord. I Søre Sunnmøre tingrett vart selskapet frifunnen.

Vann saka: Volda Maskin var saksøkt, men vann saka i Søre Sunnmøre tingrett.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Det var Markhus Maskiner AS som saksøkte Volda Maskin AS. Søre Sunnmøre tingrett har vurdert om saksøkjaren har krav på vederlag i samband med sprenging under oppgradering av vegstrekninga E39 Dragebø-Grytås og Birkeland-Sande N. Tvisten mellom selskapa har gått ut på kor store mengder som vart sprengt av Markhus Maskiner AS, og kor mykje sprengt masse saksøkjaren har krav på vederlag for. AF Gruppen var hovudentreprenør for prosjektet.