Komande helg

Heile bygda i sving med yogafestivalen

7.–9. juni er heile bygda i sving, når vi for andre gong arrangerer Sunnmøre Yogafestival i Barstadvik.

Yoga: Også i år vert det eigen yoga for stive menn under Yogafestivalen i Barstadvik.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Fjorårets festival var ein suksess med over 400 selde billettar, og enda fleire gode festivalopplevingar.

Temaet for årets festivalen er Rørsle, ro og samhald. På programmet står over 50 programpostar, som utover yoga dekkjer musikk, blåturar, familiedag på setra, fjellturar, hesteskasting, konsertar og marknad for lokale produkt og sjølvsagt Sunnmørsk kakebord. 45 frivillige mellom 5–75 år er i sving for å skape ein jordnær familievennleg festival i Pinsehelga.

20 lokale og tilreisande yogalærarar og musikarar står klare til å levere gode opplevingar for store og små. Arrangør er Bygdesentralen (frivillig organisasjon for trivsel, tilflytting og næringsutvikling i Barstadvik og nærområde), samfunnshuset Samhald og Barstadvik idrettslag. Lokalt næringsliv skaper den økonomiske tryggleiken for arrangementet. Formålet med festivalen er å skape aktivitet, sette bygda på kartet og gjere yogaen si helseeffekt tilgjengeleg for fleire.

Festivalen startar roleg på fredag med yoga og blåturar rundt bygda, der ein får stimulert fleire sansar og prøvd seg på kjekke aktivitetar. Til middag vert det servert mat av lokalprodusert fisk, inspirert av mezze tradisjonen i Midtausten, medan Morten Bollerud spelar meditativ trekkspelmusikk, slik du truleg aldri har høyrt trekkspel før. Dei som tør å prøve noko nytt, kan sove over på den nedlagde skulen, i eit lydbad skapt av gongar og syngebollar, kalla Gong Puja.

Laurdag er den store familiedagen, med mange parallelle aktivitetar for store og små; Yoga for barn, Foredrag og søvn, Bokpresentasjon og Workshop med Siw Aduwill, Gong bad, Yoga for stive karar, Yoga for formfulle kvinner, og yoga for alle andre. Terskelen for å prøve yoga er lav. Felicia Falck spelar minikonsert i Bjørnhiet, og ein kan lære å stå på hender i festivalteltet Storebjørn. På marknaden kan ein få kjøpt lokale produkt, handverk og kaffi og kaker. Ein kan også prøve seg på slack-line, hoppeslott, linedance eller utfordre ein tidlegare noregsmeister i hesteskokasting. Lunsjen vert etterfølgt av ein Sunnmørsk kakebord, og på kvelden vert det dans utan aldersgrense. Bandet 3 Naboar spelar opp, og bygdas linedanceentusiastar lærer villig vekk sine turar.

Søndag avrundar vi med Yoga og Pianomeditasjon, eit bestillingsverk for festivalen. Deretter kan ein velje mellom turar på 3 ulike nivå, Familiedag på setra med fleire aktivitetar, Guida tur til Mørkestova via Gamlestølen eller Overgangstur til Ytre Standalssetra via Molladalen.

Ein kan ta dagstur hit (berre 30 min frå Spjelkavik og Ørsta) eller bli heile helga. Det vert servert frukost i hotellklasse på samfunnshuset laurdag og søndag morgon, og vi riggar til teltplass og bubilcamp med straum. Det er også høve til å booke rom privat hjå gjestfrie folk i bygda.

Billettar til festivalen bestiller ein på Tikkio. Heile arrangementet er alkoholfritt.

Velkommen til vakre Barstadvik!