Full rulle på Ørstaheimen

Polonese, song, kaker og kaffi stod på menyen då det var aktivitetsdag på Ørstaheimen.

Artig: "Ørstaheimklovnen" Anne Yksnøy saman med bebuar Reidar Bjerknes og pleiar Katrine Aarseth.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Det er fjerde året Ørstaheimen lagar liv og røre for bebuarane med ein eigen aktivitetsdag. Vanlegvis går det meste føre seg utandørs, men på grunn av regnbyer tysdag, vart aktivitetsdagen halde innandørs. Tiltaket er eit samarbeid mellom Ørstaheimen, Røde Kors si besøksteneste og Åmås friskule.