Songarstemne for 250 i Ørsta

– Ei fantastisk fin oppleving

– Det var heilt fantastisk, frå ende til anna!

I kyrkja: Vertskoret, Ervingen blandakor i Ørsta kyrkje under leiing av dirigent Øyvind Lied. Foto: Robert Skeide  Foto: Robert Skeide

Vi hadde ei kjempehelg, alle som var med. Tilbakemeldingane har vore fantastiske

Nyheiter

Leiar i Ervingen blandakor, Kirsten Ose, har vanskar med å finne store nok ord for å skildre helgas oppleving med songarstemne i Ørsta. 11 kor med til saman 250 songarar, inntok Ørsta. Her var det både songartog med hornmusikk, kyrkjekonsert, små gatekonsertar og festkonsert på kulturhuset. Det skal vise att når det er stemne i bygda, med Ervingen som vertskor.