Sjå video frå innspelinga

To Black Widow på Sæbø

Nyheiter

Scarlett Johansson hadde med ein body double til Sæbø. I scena på Slettedalshjørnet kom den andre skodespelaren inn i scena når ein norskregistrert Lada køyrer vekk frå staden.

Det har blitt spekulert i at scenene frå Sæbø blir lagt til anna land, og at det kan vere Johansson sin karakter sitt heimland Russland. At bilen er norskregistrert, UV563H3, og har norsk flagg på bilskiltet tilseier at noko av handlinga i filmen går føre seg i Noreg. Så står det att å sjå kva fasiten blir.