Kan verte spektakulært

Sigrid Moldestad skal spele og synge på Urkeegga

Konsert: Det vert høgtsvevande når Sigrid Moldestad skal synge på Urkeegga i august. 

Nyheiter

Det kan verte spektakulært når artisten Sigrid Moldestad 24. august skal synge på toppen av Urkeegga.

Stuntet vert halde i samband med opninga av gapahuken på Urkeegga.

– I samband med opninga vil vi arrangere ein gratiskonsert på toppen for å markere to års dugnadsarbeid og promotere Urkeegga som sunnmøres svar på Besseggen eller Romsdalsegga.

Det skriv leiar Jens A. Forbord i Saksa Turstiforeining i ein søknad til Ørsta kommune.

Søknaden handlar om å få lande med helikopter på Klokkskollen i samband med konserten.

Sigrid Moldestad er folkemusikar som spelar fele og hardingfele. Ho syng også.