Trandalrock for tredje gong

- Kvalitet er førsteprioritet - dette vert fantastisk bra

Ein rocka Egil Olsen, hippe prestar og irske vikingar. Kontrastane og breidda er stor i rockeverda.

Mothers of Trandalrock. Maria Maude og Kristin Riise inviterer til rockefestival på Trandal for tredje gong.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

- Vi er svært nøgde med årets program. Vi er supergira og klare for Trandalrock!

Maria Maude og Kristin Riise inviterer til Trandal for tredje gong, andre helga i juni.

7. og 8. juni vert det festival i rockens namn.

- Vi startar 7. juni med Rocke-Siggen, rocketrubadur Sigbjørn Follestad. I tillegg vil sette opp og lage klar lavvoar slik at folk kan få seg ei langhelg på Trandal, utan å måtte ha med seg så mykje bagasje. Folk kan bestille seg lavvo, så står den klar til dei kjem til Trandal, fortel dei to.

Fredag er det Mark Knopfler-konsert i Ålesund, og for å hjelpe Trandalrock-publikummet som er på konsert i "bya", har dei sett opp båt frå Ålesund etter konserten.

- Og for dei som ikkje ønskjer å ha for mykje bagasje med seg dit, så kan dei levere det til oss først, så får vi frakta det med oss til Trandal.

Samarbeidspartnar Christian Gaard Bygdetun har også oppgradert både toalett- og dusjfasilitetane sidan forrige års Trandalrock.

Og som vanleg er det dei som står for servering av mat og drikke.

- Alt ligg til rette for ei kjempehelg.

Variert

I år har dei invitert med seg fleire lokale musikarar som vil opne kalaset laurdag føremiddag. Det vert akustisk rockemusikk på scena frå Vidar Gaines Vartdal saman med Linda Eidheim. Vidare Ivan Dujmusic, Hans Robert Bondhus, Stig Amdam, Malin Ørsal, Audun Håberg, Gard Austrheim, Hans Førde, Marius Myklebust, Håvard Dalsbø og Jon Arve Ottersen.

Seinare på kveld er det konserttid. I år har Maude og Riise sikra seg namn som Egil Olsen, Måndag, Drusar, The Hip Priests, The Irish Vikings og AC/DC-coverbandet Dirty Deeds.

- Vi har faktisk høyrt om folk som har kansellert billettane sine til Bryan Adams-konserten i Stavanger, då dei høyrde at vi hadde sikra oss Dirty Deeds. Så her er det snakk om Noregs beste coverband, og det veit folk tydeleg å setje pris på.

Ørstas eigen Egil Olsen har lova at også han kan rocke på scena, og stiller med sambygding og perkusjonist Gunnar Sæter på scena. Dei har også med seg Jørn Erik Ahlsen.

Bandet Måndag syng rock på valdresdialekt, og har vorte samanlikna med Hellbillies når det kjem til stil og musikk.

Måndag frå Valdres til Trandalrock. Har vorte samanlikna med Hellbillies.  Foto: Pressefoto

 

Drusar frå Førde syng også på dialekt og seier om seg sjølv at dei framfører framifrå rock på nynorsk.

The Hip Priests frå Storbritannia spelar punkrock, og har turnert med store band innan sin sjanger, rundt om i verda. No tek dei turen frå Nottingham til vesle store Trandal.

The Hip Priests frå Storbritannia kjem til Noreg og Trandalrock for første gong.  Foto: pressefoto

The Irish Vikings spelar opprocka irsk folkemusikk.

The Irish Vikings skal forsyne Trandal med opprocka folkerock frå Irland.   Foto: pressefoto

- Folk er så utruleg positive og glade for at vi vil arrangere dette, og det er vår motivasjon. I tillegg til at vi elskar både rock og Trandal. Kvalitet er prioritet nummer ein. Støtta frå lokalmiljøet gjer at vi har lyst til å halde fram med dette. Men det kostar også, og støtta vi får frå næringslivet er det som gjer det heile mogleg. Så vi er utruleg takksame, seier Maude og Riise.