Rosaruss, rosaruss, hei, hei, hei!

Festen er i gang i Barnas vel barnehage.

Barnes vel barnehage i 16. mai tog  Foto: Svein Aam

Nyheiter

16-mai er og ein festdag. I alle fall i Barnas vel barnehage i Ørsta. Torsdag formiddag gjekk 97 ungar og ein god del vaksne i tog gjennom Ørsta sentrum.

 Dette er ein gjeng som kan dette med å skape liv og røre. "Hipp,hipp hurra for flagget vårt. Det er raudt og kvitt og blått!", song dei for full hals.

Fremst gjekk årets rosaruss, som no kan sjå tilbake på ei avslutta barnehagekarriere, og som no gjer seg klare for vidare utfordringar i skulesystemet.

Barnas Vel barnehage i 17-mai tog, rosaruss  Foto: Svein Aam

 

 "Rosaruss, rosaruss, hei, hei hei. Ingen russar er som dei", var meldinga frå den gjengen.

– No skal vi til barnehagen å kose oss med pølser og is, fortalde dei vaksne, etter runden gjennom sentrum.