400 i sving til 17. mai

For fotballgruppa i Ørsta IL er vekene rundt 17. mai dei meste travle i året. 400 er med.

17. mai: Fotballgruppa i Ørsta IL er heilt sentrale for å skape den fine ramma rundt 17. mai-feiringa i Ørsta.  Foto: svein aam

Nyheiter

I tillegg har fotballgruppa arrangert konsert/dans med Vassendgutane og Plumbo. Like mange var i aktivitet der for å få det arrangementet i hamn.

– Det er tut og køyr desse dagane. Men det veit alle, og folk er godt budde, seier dagleg leiar i fotballgruppa i Ørsta IL, Arnstein Sandvik.

– Alle laga med foreldre i fotballgruppa er engasjerte. Fotballgruppa har ansvar for å koordinere, lage til programmet, trafikkavvikling, oppstilling av toga, og selje mat i Ørstahallen og på kulturhuset. Mange har vore med og planlagt for dette i månader allereie, seier Sandvik.

Han er takksam for at alle stiller opp, og får stort sett berre positive tilbakemeldingar.

– Folk veit at den innsatsen som vert lagt ned under 17. mai og den årlege dansen med Vassendgutane er avgjerande for det sportslege tilbodet fotballgruppa kan ha, seier Sandvik.

No gler han seg over vêrmeldingane.

– 17. mai vert strålande, seier Sandvik.