Veksande krav om «full erstatning» for pelsdyrbønder

Stortingspolitikarar frå regjeringspartia får klar beskjed frå eigne fylkeslag om å sørge for full kompensasjon for pelsdyrbønder som må legge ned.

  Foto: Hansen, Alf Ove

Nyheiter

– Eigedomsretten og retten til å drive verksemd er eit viktig prinsipp for Høgre. Når du blir fråtatt den moglegheita, skal du ha full erstatning, seier Trøndelag Høgres leiar Michael Momyr til NTB.

Regjeringspartia Høgre, Frp, KrF og Venstres fylkeslag i Trøndelag sende tysdag ein felles e-post til stortingsgruppene sine:

«Regjeringspartiene i Trøndelag ber sine stortingsrepresentanter om å arbeide for at erstatningen ved avviklingen av pelsdyrnæringen bygger på ekspropriasjonsrettslige prinsipper og tar individuelle hensyn,» heiter det.

Innlandet KrFs leiar Oluf Maurud stadfestar at ei likelydande oppfordring onsdag vart send frå dei fire partia i fylket hans, og NTB er kjent med at partia i Rogaland har gjort det same.

Regjeringspartia er samde om at pelsdyrnæringa skal avviklast fram mot 1. februar 2025. Pelsdyrforbodet er likevel ein rein Venstre-siger, og Høgre, Frp og KrF ønskte alle opphavleg å behalde næringa.

I retur?

Samtidig er det stor misnøye med kompensasjonsordninga som ligg på bordet – både i regjeringspartia og opposisjonen.

forslaget blir pelsdyrbøndene tilbodne kompensasjon per avlstispe av mink eller rev, totalt 100 millionar i omstillingsmiddel og inntil 50 millionar i kompensasjon for riving og opprydding etter drift.

Senterpartiets Geir Pollestad, som leier næringskomiteen på Stortinget, kravde tysdag at stortingsmeldinga blir send i retur til regjeringa.

– Det er ingen tvil om at den foreslåtte erstatningsordninga vil føre til konkursar og økonomisk ruin for mange pelsdyrbønder, sa han til NTB.

Momyr vil ikkje karakterisere kompensasjonsordninga som er lagt fram. Han har tillit til at innspela frå Trøndelag blir tatt omsyn til i den vidare behandlinga av saka, som truleg blir diskutert på gruppemøta til partia på Stortinget onsdag.

– Slaget om at næringa skal bestå, er tapt. Men vi sa frå dag éin at vi må sikre aktørane som blir ramma av dette, full erstatning, seier Momyr.

«Dritsak»

Frp i Rogaland har tidlegare tatt til orde for at det må setjast ned eit partssammensett utval som kan jobbe fram betre kompensasjonsordningar.

– Vedtaket om avvikling burde aldri skjedd, men trøysta mi har vore at det skulle kompenserast, seier Frps stortingsrepresentant Roy Steffensen frå Rogaland til NTB.

– Når det no viser seg at kompensasjonen er for dårleg, må vi snu kvar stein for å sørge for at dette blir rettferdig. Vi må betale den fulle prisen for Venstres gjennomslag, konstaterer han.

Saka høyrer til Landbruks- og matdepartementet. Det blir no styrt av KrF-nestleiar Olaug Bollestad, som kjem frå Noregs største pelsdyrfylke og representerer eit parti som ønsker å behalde næringa.

– Pelsdyr er ei dritsak, sa ho frå talarstolen under KrFs landsmøte nyleg.

Saka er no til behandling i Stortingets næringskomité, som i utgangspunktet har frist til 28. mai med å kome med innstilling. Men dersom Sp får støtte til å sende stortingsmeldinga i retur til regjeringa, blir prosessen forlengd.