Fylkeskommunen gir ein halv million til moderne utedo

Det nye toalettbygget på Vekslet får fylkeskommunal støtte.

Vekslet: Det nye toalettanlegget på Vekslet kom på plass i fjor, og kosta nær ein million kroner. Foto: Joachim Kroken Åsebø  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune fordelte nyleg 3, 5 mill. kroner til anlegg og aktivitetar i heile fylket. Av desse går 475.000 kroner til nytt toalettbygg på Vekslet.

– Midlane er fordelt både til friluftslivsanlegg, og til tiltak og arrangement som direkte skal bidra til meir friluftslivsaktivitet, seier leiar i Kultur- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter.

Turløyper i nærområdet

1,8 millionar kroner går til å utvikle friluftsområde som er statleg sikra, der både kommunar og friluftsråd er søkarar. Dette kan for eksempel vere tiltak som turstiar og parkeringsplassar, utbetring av badeplassar og bygging av toalett. Det er frå denne potten midlane til Vekslet kjem frå.

1,72 millionar kroner er tildelt ulike friluftslivsaktivitetar i regi friluftsråd, frivillige lag og organisasjonar. Pengane går til turarrangement, friluftsleirar, kurs og liknande. Her får tiltaket «Sommarspindel» til Håvoll IL 10.000 kroner.

– Det å få fleire til å gå meir på tur, er eit av dei enklaste og viktigaste tiltaka for ei betre folkehelse. Fylkeskommunen støttar derfor prosjekt som har som mål å legge til rette for turløyper nær der folk bur. Det skal bli stadig enklare for folk i Møre og Romsdal å finne seg ei løype som kan brukast i kvardagen, seier rådgivar friluftsliv Petter Jenset