Styrer mot pelsdyr-avvikling

NPK-NTB: Regjeringa set av 20 millionar kroner til kompensasjon til pelsdyroppdrettarar som avviklar verksemda.

Forbod: Regjeringa set av pengar for å setje i verk pelsdyrforbodet.  Foto: Alf Ove Hansen

Nyheiter

Det går fram av forslaget til revidert nasjonalbudsjett.

I april la regjeringa fram forslag til ei ny lov som forbyr pelsdyroppdrett. Lovforslaget har vorte møtt med sterk motstand frå oppdrettarane, som meiner forslaget er eit resultat av føleri og maktspel.

Regjeringa har samtidig dobla ramma for omstillingspakken, det vil seie midlane oppdrettarane får til å omstille til anna verksemd, frå 50 til 100 millionar kroner.

Kompensasjon kan bli gitt til alle produsentar som var aktive per 15. januar 2018, sjølv om dei har avvikla før lovforbodet trer i kraft, noko som kan skje i oktober, heiter det i revidert nasjonalbudsjett.

Striden om pelsdyrnæringa er no til behandling i Stortingets næringskomité, som i utgangspunktet har frist til 28. mai med å kome med innstilling. Saka blir rekna som ein rein Venstre-siger i Granavolden-plattforma, sidan dei andre tre regjeringspartia er imot å avvikle næringa