Politiet åtvarar mot bruk av dronar 17. mai

Bildet er frå 17.mai-toget i Ørsta sentrum 2015.  Foto: Joachim Kroken Åsebø

Nyheiter

- Bruken av hobbydronar har auka dei siste åra både her til lands og på verdsbasis. Politiet fryktar at nokon kan verte freista å bruke dronar til fotografering i nærleiken av store folkemengder på nasjonaldagen og andre arrangement.

Det seier stabssjef Kenneth Sætre i Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding.

- Det er helt klare reglar for hobbyflyging med dronar og politiet ønskjer difor å minne om Luftfartstilsynet sine fem hovudreglar for bruk av dronar på hobbybasis.

Luftfartstilsynet har utarbeidd følgjande fem hovudreglar for såkalla "droneleik" – det vil seie bruk av dronar på hobbybasis:


1. Du skal alltid kunne sjå dronen, berre fly i dagslys og fly den på ein omsynsfull måte. Aldri fly i nærleiken av ulykkesstader.

2. Ikkje fly nærare enn 5 km frå lufthamner med mindre anna er avtala.

3. Ikkje fly høgare enn 120 meter over bakken.

4. Ikkje fly over festivalar, militære område eller sportsarrangement. Hald ein avstand på 150 meter.

5. Ta omsyn til andre sitt privatliv. Hugs reglane for bruk av foto og video av andre personar.


- Eit anna aspekt ved bruk av dronar er tryggleiken til publikum. Dersom ein drone skulle dette ned i ein folkemengde, som det finst mange av på 17.mai, så vil det lett kunne føre til alvorleg personskade. Difor er det viktig at hobbypilotar held seg til reglane også denne dagen, seier Sætre.

Stabssjefen understrekar at dei som driv med droneleik har plikt til å gjere seg kjende med regelverket og at straffeansvar kan bli gjort gjeldande dersom det vert avdekka brot på reglane.


Den mest vanlige måten å reagere på i slike saker fra politiet si side, er gjennom bøtelegging. Men dette må bero på en mer konkret vurdering i hvert enkelt tilfelle, sier stabssjef Kenneth Sætre i Møre og Romsdal politidistrikt.