Årets sjukepleiarar

Intensiven i Volda tok dobbelt

Intensivavdelinga i Volda gjorde det skarpt i kåringa av "Årets sjukepleiar" i Møre og Romsdal.

Årets sjukepleiarleiar Gro Birkeland (t.v.) og årets sjukepleiar Monica Storborg Sæbønes.  Foto: Ståle E. Ræstad

Nyheiter

Norsk Sykepleierforbund Møre og Romsdal hadde i dag utdeling av pris for årets sjukepleiar og årets sjukepleiarleiar.

Monica Storborg Sæbønes frå Ørsta, sjukepleiar ved Intensivavdelinga ved Volda sjukehus, vart kåra til årets sjukepleiar.

Grunngjeving: "Monica har gjennom alle dei åra ho har vore sjukepleiar, vist ein formidabel interesse for sjukepleiefaget. Ho har med si smittande interesse og glede for faget, vist svært god evne til rettleiing. Tek gjerne initiativ til faglege diskusjonar. Ho ufarleggjer avanserte «tema», og klarer å snakke om det slik at alle inkluderast med utbytte av diskusjonen. Ho har ei positiv innstilling til endringar og nye tiltak, som er til det beste for både pasient, pårørande og kollega. Monica held seg fagleg oppdatert, og legg tiltrette for eit trygt og inkluderande læringsmiljø . Ho har ansvar for studentane i avdelinga, og tek gjerne på seg undervisning  på avdelingsmøter. Det etiske i sjukepleia er ho bevisst på, og er flink til å ta med studentar og kollegaer  inn i dei etiske refleksjonane. Monica framstår heilt klart som ein tydeleg, modig og stolt sjukepleiar."

Årets leiar

– Årets sjukepleiarleiar blei delt mellom to dyktige leiarar, som juryen ikkje klarte å skilje, skriv fylkeslaget i Norsk Sykepleierforbund i ei pressemelding.

Dei to var Gro Birkeland frå Volda og Inger Lise Lervik frå Smøla.

Gro Birkeland arbeider saman med Monica Storborg Sæbønes på Intensivavdelinga ved Volda Sjukehus. Prisen vert grunngjeve slik: "Gro er ein tydeleg, rettferdig og diplomatisk leiar. Samtidig har ho ein naturleg autoritet. Ho har gjennom si leiing fokusert på kvalitet i pasientens behov, og oppnådd gode faglege resultat saman med sine tilsette. I fleire år med knappe ressursar, har ho vore løysingsorientert og gjort det beste ut av midlane som har vore tilgjengelege. Gro er lydhøyr for forbetringsforslag, og oppmuntrar til debatt. Ho viser aktivt at det er lov å vere ulike, og at mangfald er ei styrke i avdelinga. Dette har ført til god fagutvikling, og eit svært godt arbeidsmiljø i avdelinga. Gro framstår heilt klart som ein tydeleg, modig og stolt sjukepleiarleiar.