Filminnspeling på Sæbø

Statens vegvesen har gjeve løyve til eit filmselskap til å stengje av delar av Sæbø sentrum i samband med ei filminnspeling.

  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Det er 29. mai at selskapet skal filme ved ferjekaia på Sæbø og i sentrumsområdet.

Filmselskapet har fått løyve til å stengje av delar av fylkesveg 655 i periodar på femten minutt.

Det vert presisert frå vegvesenet at ferjetrafikken skal gå som normalt.

Selskapet skal også ha innspeling i Rauma kommune. Her skal det filmast i dagane etter opptaka skal gjerast på Sæbø.

Løyvet til å filme på Sæbø vert frå klokka 05.00 om morgonen til klokka 23.00 om kvelden.