– Sei kva du vil for Ørsta sentrum

Ørsta Framstegsparti inviterer til folkemøte om utviklinga av Ørsta sentrum.

Listekandidatar: Tore Thon og Odd Magne Vinjevoll står på Frp-lista til kommunestyrevalet, og inviterer saman med resten av Ørsta Frp til folkemøte om sentrumsutviklinga.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

– Vi gir alle sjansen til å seie meininga som om utviklinga av Ørsta sentrum. Vi må tenkje heilskapleg, og sikre at vi byggjer eit sentrum for framtida, seier Frp sin ordførarkandidat, Odd Magne Vinjevoll.

Folkemøtet vert på Hotell Ivar Aasen, onsdag 29. mai.

Ein av dei som engasjerer seg i sentrumsutviklinga, er Tore Thon. Han flytta til Ørsta i 2009, og har engasjert seg både i kulturlivet som musikar og dirigent, og i Framstegspartiet.

– Så lenge eg har røysta, har det alltid vore Frp. Det handlar om at folk kan velje og tenkje sjølve. Eg engasjerer meg i politikken for å vere med på å gjere ein skilnad, seier Thon.

Han seier at Frp på folkemøtet vil drøfte planar og mulegheiter for sentrumsutviklinga.

Møtet vil vere etter at formannskapet har handsama forslaget til sentrumsplan, men før kommunestyret tek ei avgjerd.

– Vi inviterer både til å tenkje heilskapleg, med å sjå på dei overordna utfordringane, og også tenkje detaljar, seier Vinjevoll og Thon.

Dei ynskjer å få søkjelys på det overordna trafikkmønsteret i Ørsta.

– Vi veit at det er mykje dagpendling mellom Ørsta og Volda. Trafikktala aukar. Særleg er det mange som kjem frå Mosmarka. Dei køyrer Anders Hovden-gata og ut på E39. Det er midt i eit skuleområde, og der endå fleire elevar skal til området ved Velle skule, peikar Thon og Vinjevoll på.

– Vi veit også at det er vanskeleg å få vegvesenet med på ei opprusting av Osbrua. Ho er smal, i dårleg stand, og farleg. Vi ser føre oss ei løysing med ein ytre ringveg, frå den planlagde rundkøyringa på Ose, og knyte Mosmark-området til ein slik veg. Det har vorte lansert ein veg frå Melsbygda og over til området ved Grepa-bygningen, men denne er veldig konfliktfylt, seier Vinjevoll.

Han og Thon påpeikar vidare på området frå Amfi og utover.

– Vegen på nordsida vart bygt med tanke på Sjølina, som vi har gått vekk ifrå. Vi må få til ei skikkeleg kopling mot noverande E39, seier Vinjevoll.

Vidare handlar det om «promenaden».

– For det har skjedd utruleg lite sidan Dagmar. Det ser eigentleg ikkje ut i dette området av Ørsta, seier Vinjevoll.

No håper dei å få fram folk sine meiningar om desse og andre område av Ørsta sentrum.

– Vi skal byggje sentrum for mange år framover. Då må vi tenkje heilskapleg og langsiktig, seier Thon.

Rune Sæbønes