Stengde symjehallen på dagen

Måndag vart symjehallen i Volda stengt for godt. Det skjedde etter at Statsbygg kom med ein tilstandsrapport som seier at hallen ikkje kan brukast.

  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Det er Høgskulen i Volda, som er leietakar av hallen, som melder dette på sine heimesider.

– Symjehallen må stengast og er tilrådd riven. Det er diverre slik at det ikkje lenger er forsvarleg å halde symjehallen open. Statsbygg har informert høgskulen og Volda kommune om rapporten, heiter det i meldinga frå Høgskulen i Volda.

Statsbygg eig symjehallen og idrettsbygget, med Høgskulen i Volda som leigetakar. I utgangspunktet hadde HVO kontrakt for bruk av symjehallen ut kalenderåret 2020, men den nye rapporten viser at tilhøva er for dårlege til å forsvare vidare bruk.

– Sjølv om det er veldig leitt at symjehallen må stenge, er vi glade for at Statsbygg har undersøkt tilhøva. Det viktigaste er at dei som nyttar seg av hallen skal ha trygge og gode tilhøve, og når det viser seg at tilstanden ikkje er god nok, forstår vi at anlegget må stengast, seier fungerande direktør ved Høgskulen i Volda, Per Halse til nettsida

Saka gjeld symjehallen og ikkje den delen av bygget som husar idrettshall. Idrettsdelen vil bli driven vidare som før. Tilsette og studentar ved HVO, Volda kommune og VTI symjegruppa har vore mellom brukarane av symjehallen.

– Hallen har vore ein verdifull ressurs både for skulane og lokalsamfunnet elles i nærare seksti år, og det er trist at levetida no er ute. Men når ekspertisen slår fast at det vil krevje urimeleg store investeringar å utbetre anlegget til forsvarleg standard, så må vi innrette oss etter det, seier Halse.