Nasjonal festkonsert med symfoniorkesteret ved høgskulen

Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda inviterer til sin årlege festkonsert 17. mai 2019 i Volda kyrkje, med sjølvaste Annar Follesø som solist på Ole Bull sin fiolinkonsert nr. 1, i A-dur, op. 1.

Solist: Annar Follesø framfører Ole Bull sin fiolinkonsert nr.1 i A-dur, op.1, saman med høgskuleorkesteret, på den nasjonale festkonserten i Volda kyrkje, 17. mai. Pressefoto  Foto: presse

Nyheiter

Annar Follesø er ein av dei fremste musikarane i Noreg. Han er fast musikar i kringkastingsorkesteret, KORK og han har vore ein stamgjest på Festspela i Bergen.

Follesø er saman med komponist og pianist Wolfgang Plagge, kunstnarleg leiar for Sunnmøre Kammermusikkfestival. I 2010 gjorde Annar ei historisk førstegongsinnspeling av A-durkonserten, saman med KORK under leiing av Ole Kristian Ruud. Dette var i høve jubileet til Ole Bull sin 200 års bursdag. På innspelinga som ein kan laste ned frå straumtenesta Spotify spelte Follesø inn den komplette A-durkonserten.

Fiolinkonserten i A-dur har vore bortkomen i over 120 år før den vart gjennoppdaga og framført av Arve Tellefsen saman med Bergen Filharmoniske Orkester på festspela i Bergen i 2002. No blir A-durkonserten for første gong framført i Volda med symfoniorkesteret saman med Annar Follesø. Det er vi stolte av. Annar budde sine fem første barndomsår i Volda og gjekk i lære med Knut Ose.

Ole Bull er ein av våre store kunstnarar og ein av tidenes største fiolinvirtuosar og den aller første musikaren i Noreg som slo gjennom internasjonalt. Det skjedde med fiolinkonserten i A-dur i Bologna, Italia den 25. april 1834.

Det er med stoltheit og glede at symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda skal framføre dette verket med Annar Follesø.

Elizabeth Oltedal, førstelektor på musikk, er dirigent, og publikum vil óg få høyre to andre fantastiske utøvarar frå Volda, Åsmund Arnesen Farstad (16) og Louise Engeseth (18),

Vel møtt til nasjonal festkonsert!