Ja til grindløe på Haukåssetra

Ørsta kommune sitt samfunnsutval viser godvilje mot Urke Utvikling.

Løe: På Haukåssetra skal det setjast opp ei grindløe. Inge Kolås (Frp) vart kjend ugild då firmaet hans har interesse av bygginga.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

For når samfunnsutvalet no samrøystes har velsigna bygging av ei grindløe på Haukåssetra, vert Urke Utvikling friteken søknadsplikt og gebyr for dispensasjonshandsaminga.

Samfunnsutvalet vurderer tiltaket som eit svært positivt lågterskel tilretteleggingstiltak for friluftsliv.

– Tiltaket tener såleis allmenne interesser på ein god måte. Tiltaket kan også kome til nytte i samband

med næringsutøving og næringsutvikling på Urke. Begge desse effektane styrkjer Urke som ein god stad å bu og oppleve, heiter det i vedtaket.

Utvalet meiner at dei positive effektane er vesentleg større enn ulempene.