Eit lite anneks, eller tilbygg, vart totalskadd i brann i Hamnegata i Volda søndag ettermiddag, melder politiet på Twitter.
Det skal ikkje ha vore personar inne i den aktuelle bustad.
- Eit tilbygg er overtent. Brannvesenet har kontroll, og det skal ikkje vere fare for spreiing, melder politiet like over klokka 16.30.
16.49 melde politiet at brannen var sløkt.
- Ingen personar er skadde. Politiet tek nokre avhøyr. Brannårsaka er ikkje kjent, melder dei.