– Hadde nokon fortalt meg at eg som førtiåring skulle stå her og feire pride på Vartdal, hadde eg ikkje trudd det

– I Oslo samla prideparaden 45.000 menneske i fjor. Men eg er vel så stolt over å sjå kor mange som støttar opp om Pride på Vartdal. Dette betyr mykje for meg.

I heimbygda: Hallvard Øren er utflytta vartdaling, og er styremedlem i Oslo Pride. Søndag var han heime på Vartdal for å feire bygda si første pride-markering. 

Hadde nokon fortalt meg at eg som førtiåring skulle stå her og feire Vartdal Pride, hadde eg ikkje trudd det

Nyheiter

Hallvard Øren er styremedlem i Oslo Pride, og vartdaling. Søndag var han invitert til å halde appell, då tidenes første pridearrangement vart halde på Vartdal. Ein fullsett VD-hall fekk høyre Øren fortelje om oppveksten sin på Vartdal.