Kald russetid – varmt samhald

– Vi gjer alt for å vere synlege i gatene, sam-stundes som vi prøvar å fullføre kvar einaste russeknute.
Nyheiter

Årets russ har måtte tolt meir enn tidlegare russ, då vêret ikkje har vore på topp samstundes som russefeiringa har inntatt bygda. Snø og kulde har prega mesteparten av russetida. Men det legg ikkje nokon dempar på stemninga. Jentene frå russebilen T-birds 2019 har gode erfaringar med russetida hittil, då festing og «rulling» i russebilen har stått på agendaen sidan 1. mai. Einaste jentene saknar er meir aktivitet frå medruss.