Snikk Snakk med Skjalg

Hokjønnssykja på havet

Kronikkforfattar: Skjalg Longva.  Foto: Svein aam

Nyheiter

Avisa Klassekampen refererte i januar til brønnbåten «Ronja Superior» som ho. Det er kanskje ikkje så rart med tanke på skipsnamnet. Men NRK.no kalla i mars også fregatten «Helge Ingstad» for ho. I ein bilettekst kalla Sunnmørsposten cruiseskipet «Viking Sky» for ho. Og i ruskevêret på Hustadvika nemnde forsyne meg også kaptein Nils Kristiansen sitt lasteskip «Hagland Captain» som ho.