Handballheider til Ørsta og Gunnar Knutsen

Fekk pris som "årets hallbyggar" på handballtinget

Gunnar Knutsen fekk prisen som "Årets hallbyggar" av handballpresident Kåre Geir Lio   Foto: Norges Handballforbund/ Svein André Svendsen

Nyheiter

Norges Handballforbund har denne helga handballting i Sandefjord.

Fredag kveld vart det for aller første gong arrangert "Handballens Hederskveld", med prisdutdeling. Mellom dei seks prisvinnarane var Gunnar Knutsen frå Ørsta, som fekk prisen som "Årets hallbyggar." 

Årets hallbygger kan vere ein klubb, ein kommune, ein region eller andre som har lagt ned spesielt stor innsats i samband med bygging av nye handballanlegg.