Ferja til Skår er redda?

Samferdselsutvalet ønsker at ferjetilbodet til Skår skal vidareførast. No er det fylkestinget som endeleg skal avgjere saka.

Skår: Samferdselsutvalet vil at ferjetilbodet til Skår skal vidareførast.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Samferdselsutvalet gjorde samrøystes vedtak der dei ber fylkesrådmannen om å legge inn sambanda Standal, Trandal, Skår og Store Kalvøy i budsjettet for 2020 og økonomiplanen for 2020–2024. Dermed er det politisk vilje for at ferjetilbodet til Skår kan bli vidareført.

Den endelege avgjerda i saka vil bli tatt av fylkestinget.