Ny folkefest

- Det har vore nesten heilt ubeskriveleg

– Det er heilt fantastisk å sjå at Volda og Ørsta endå ein gong stiller opp på denne måten og viser at bygda er for alle.

Kor mange som gjekk i Bygdepride-parade laurdag, er vanskeleg å seie, men det var nok snakk om eit par tusen.   Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Laurdag kunne Bygdepride-leiar Anbjørn Frislid for andre gong sjå at bygdefolk og tilreisande stilte mannsterkt opp for å vise si støtte til skeiv kjærleik, då tusenvis av menneske gjekk gjennom Volda sentrum med fargerike regnboge-flagg.

Bygdepride vart arrangert for første gong i fjor, som ein direkte respons på ein serie homo-kritiske lesarinnlegg i lokalavisene. Oppmøtet i den første pride-paraden i Volda gjekk over alle forventningar, og kring fem tusen menneske tok del i dei ulike arrangementa. Sidan har ballen rulla nasjonalt, og Bygdepride-konseptet har spreidd seg til å verte eit nasjonalt fenomen.

 – Etter fjoråret, vart vi kontakta av mange frå heile landet som vart inspirert og hadde lyst å arrangere det same i sine bygder. Dette var det som gjorde at dei endeleg torde å gjere det. I fjor eksploderte talet på Pride-arrangement i Noreg, seier Frislid. Han meiner Bygdepride har opna mange dører for menneske med ulike seksuelle legningar.

 – Det har vore nesten heilt ubeskriveleg. Ørsta og Volda har endra seg på så mange måtar. Folk torer å snakke om noko dei kanskje tidlegare ikkje snakka høgt om. Det gjer oss til eit opnare og varmare samfunn.

 – Har Bygdepride gjort det lettare for folk å kome ut og stå fram?

 – Eg håper det, og det er også tilbakemeldinga eg har fått frå mange som har kome ut etter Bygdepride i fjor. Målsetjinga vår er å verte kvitt fordommar, opplyse folk om kva dette er, og vise at bygda stiller opp og er her for alle, seier Frislid.

 Paraden bukta seg laurdag gjennom sentrumskjernen, før den enda opp i næringsbygget Propellhallen. Der vart det halde appellar, mellom anna av Ingvild Endestad, leiar i Fri – foreninga for kjønns- og seksualitetsmangfald. Ho fortalde om opphavet og historia til Pride-røyrsla, og kor mange som har kjempa tunge slag for å kome dit ein er i dag. No kan homofile og transpersonar vite at dei er del av eit stort fellesskap.

 – For meg er eitt av dei viktigaste augeblenka i mi skeive historie, var første gongen eg forstod at det å vere lesbisk ikkje var noko å skamme seg over, men noko å feire. Det var første gongen eg gjekk i paraden og så mange andre rare, fine folk som eg kunne kjempe saman med, sa Endestad.

 – Historia er vevd saman av fellesskap og mot. Ho starta før vi kom hit, og ho kjem til å halde fram etter vi er borte.

 Arbeids– og sosialminister Anniken Hauglie (H) hadde også teke turen til Volda for å vise si støtte.

 – Bydepride løyste i fjor ut ei bølgje av pridar over heile landet. Ei bølgje som rullar vidare også i år. Det skal de vere stolte av. For det er viktig å markere retten til å elske den man vil, og få lov til å leve det livet vi ønskjer å leve, slikt vi er skapt. For det er mange som ikkje får det. Mange opplever framleis at det er vanskeleg å stå fram for sine venner og familie som den man er. Og til dei som opplever det, vil eg seie at du ikkje har noko å skamme deg over. Tvert om, du har alt å vere stolt av, sa ho til dei frammøtte i Propellhallen.

 – Regjeringa sitt mål er at Noreg skal verte best i Europa på rettigheiter for skeive. Vi har kome langt, men vi har nokre tunge utfordringar att.

 Til slutt vart den første Bygdepride-prisen delt ut. Juryen sa det hadde vore mange gode kandidatar å velge mellom, men valet fall til slutt på personen som starta det heile: Rune Sæbønes.

 Sæbønes stod fram som homofil i ein alder av 53 år, og regelrett sparka skapdøra opp. Han har fortalt historia si i mange medier, og var ein av grunnleggarane av Bygdepride i fjor. Ein rørt Sæbønes måtte tørke ei tåre då han vart klappa opp på scena og heidra for arbeidet sitt.

 – Eg vil takke alle som har møtt opp på arrangementa våre og vist at kjærleik er kjærleik, og at bygda er for alle, sa han.